Også EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen er lite fornøgd med den kinesiske avgjerda.
– Vi har ved fleire høve, seinaste i direkte samtalar førre veke, gjort det klart at den nye lova ikkje er i samsvar med Hongkongs grunnlov eller Kinas internasjonale forpliktingar, seier ho.
Von der Leyen vil førebels ikkje spekulere om kva EU eventuelt vil gjere seg.
– Vi held kontakten med dei internasjonale partnarane våre og kjem til å vurdere nøye korleis vil skal svare, seier ho på ein pressekonferanse etter eit videotoppmøte mellom EU og Sør-Korea tysdag.
(©NPK)