Airbus seier opp 15.000 tilsette

Flyprodusenten Airbus varslar at dei må redusere talet på stillingar med 15.000 på verdsbasis på grunn av koronapandemien.
utenriks

Til liks med mange andre selskap i luftfarten er Airbus hardt ramma.

Produksjonen har falle kraftig, og selskapet må kutte kostnader, opplyser Airbus tysdag. 15.000 arbeidsplassar må bort, dei aller fleste i Europa. Nedbemanninga skal starte neste sommar.

– Dette handlar om nødvendige omstillingar på grunn av det store produksjonstapet. Det handlar om å sikre framtida til selskapet, sa konsernsjef Guillaume Faury til den tyske avisa Die Welt måndag.

(©NPK)