Sør-Korea gjeninnfører smitteverntiltak

Museum, parkar og kunstgalleri i hovudstaden Seoul blir igjen stengde i to veker frå fredag, opplyser helseminister Park Neung-hoo i Sør-Korea.
utenriks

Gjeninnføringa kjem etter at nye klyngjer av smittetilfelle utfordrar Sør-Koreas suksess med å handtere sjukdomsutviklinga. Landet hadde torsdag 40 nye påviste smittetilfelle, den største auken på 50 dagar.

Bedrifter blir òg oppmoda til å gjeninnføre ein meir fleksibel praksis for arbeidstid og heimekontor, i tillegg til fleire andre tiltak.

Totalt er 11.344 registrerte smitta i landet, og 269 personar er døde med koronasmitte.

(©NPK)