40 tonn europeisk ost beslaglagt i Russland

Russland har beslaglagt 40 tonn med europeisk ost, som skal ha vorte smugla inn i landet i strid med eit forbod mot matimport frå EU.
utenriks

Osten vart funnen i ei hamn nær St. Petersburg, opplyser russisk tollvesen. Den vart funnen i fire konteinarar som var merkte med at dei inneheldt gummiproduksjons-komponentar.

Sendinga inkluderer Dorblu blåmuggost og italienske ostar som Grana Padano. Konteinarane inneheldt òg pulverkaffi, sjokoladekjeks og oppvaskmiddel.

Russland forbaud i 2014 engroshandel frå EU av dei fleste typar fersk mat. Dette var eit svar på EUs sanksjonar mot landet i samband med annekteringa av Krimhalvøya i Ukraina.

(©NPK)