Russland registrerer høgaste talet koronadødsfall på ein dag

Talet på døde av koronaviruset i Russland nådde søndag ny rekord etter at 153 dødsfall vart melde sidan laurdag.
utenriks

Hittil har 3.541 menneske døytt av covid-19 i Russland, ifølgje offisielle tal. Over 344.400 menneske er smitta.

Dødstalet er lågt i Russland i forhold til mange andre land. Det har vore meldingar nyleg om at mange dødsfall ikkje er registrerte, men det avviser styresmaktene.

Visestatsminister Tatjana Golikova seier likevel at talet kan stige kraftig i mai sidan Russland vart ramma seinare enn mange andre land i Europa.

Viruset oppstod i Kina, og Russland stengde raskt den lange grensa si til nabolandet.

(©NPK)