Johnson: Cummings gjorde det alle fedrar ville gjort

Storbritannias statsminister Boris Johnson tek rådgivaren sin Dominic Cummings i forsvar, etter at Cummings har vorte skulda for å ha brote karantenereglane.
utenriks

På den daglege pressekonferansen søndag tok Johnson Cummings i forsvar og sa at rådgivaren ikkje har gjort noko ulovleg.

– Eg har snakka med han i dag, ansikt til ansikt. Cummings følgde instinkta og gjorde det alle fedrar ville gjort. Eg klandrar han ikkje for det, sa Johnson.

Ifølgje britiske medium vart Cummings observert i Dunham – 40 mil unna heimen sin – samtidig som han var i karantene med koronasmitte i slutten av mars. Reisa har vorte forklart med at Cummings ønskte at ein familiemedlem skulle passe på sonen hans.

(©NPK)