Den austerrikske presidenten braut koronareglar – vart teken på fersken

Den austerrikske presidenten legg seg flat etter at han og kona hans vart oppdaga på ein uterestaurant i Wien lenge etter stengjetid i helga.
utenriks

I Austerrike, som har innført strenge koronatiltak, må alle barar og restaurantar stengje klokka 23. Eigarane risikerer kraftige bøter dersom desse reglane blir brotne.

I helga var politiet på ein rutinesjekk i sentrum av Wien. På uteområdet til ein stengd restaurant sat president Alexander Van der Bellen saman med kona si – like over midnatt, og framleis med alkohol i glasa sine.

– Eg er verkeleg oppriktig lei meg. Det var ein tabbe, erkjenner presidenten overfor avisa Kronen Zeitung.

(©NPK)