Under hundre dødsfall i New York

Delstaten New York har siste døgn hatt 84 dødsfall knytte til covid-19. Det er første gong sidan slutten av mars at det blir meldt om færre enn hundre døde.
utenriks

Det opplyste delstatsguvernør Andrew Cuomo laurdag, ifølgje New York Times. Døgntalet på 84 er det lågaste sidan 24. mars.

Totalt er det registrert over 29.000 dødsfall i delstaten, som er den hardast ramma i USA. Totalt er rundt 368.000 registrerte smitta.

– Det er utan tvil ein tragedie, sa Cuomo om dødstalet på laurdag. Men han sa òg at den nedgåande trenden var eit positivt teikn. New York er langsamt i ferd med å trappe ned dei omfattande smitteverntiltaka.

(©NPK)