Ti dagars landesorg i Spania

Spanske styresmakter erklærer ti dagars landesorg for offera av pandemien. Statsminister Pedro Sanchez seier òg at grensene ikkje blir opna for turistar før i juli.
utenriks

Over 28.600 personar har mista livet i landet, som er blant dei hardast råka i verda.

– Det er første gong i den spanske historia at ei landesorg varer i så mange dagar, sa statsminister Pedro Sánchez på laurdagens nettoverførte pressekonferanse frå statsministerpalasset Moncloa i Madrid.

Landesorga gjeld frå og med tysdag. Det skal flaggast på halv stong, og kong Felipe VI skal delta i innleiinga av sørgjeperioden.

Sachez omtala òg den viktige turistindustrien i landet på pressekonferansen, og sa at utanlandske turistar igjen kan kome til Spania frå juli.

– Vi vil garantere at turistane ikkje blir utsette for nokon fare, og at dei heller ikkje vil utgjer nokon fare for oss, sa statsministeren.

Laurdag deltok fleire tusen personar i demonstrasjonar mot smitteverntiltaka Sanchez og regjeringa hans har innført i Spania. I Madrid og fleire andre byar deltok demonstrantar i bil i markeringar etter oppmoding frå det høgrepopulistiske partiet Vox.

Demonstrantane vifta med spanske flagg, ropte slagord om fridom og oppmoda Sanchez til å trekkje seg.


(©NPK)