Studie tyder på at ebolamedisin har effekt mot korona

Resultat frå ein ny studie ser ut til å stadfeste at ebola-medisinen Remdesivir har effekt mot covid-19.
utenriks

Medikamentet har tilsynelatande best effekt for pasientar som treng tilførsel av oksygen, men som ikkje er så sjuke at dei er lagde i respirator, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Resultat frå den nye studien er publisert i det vitskaplege tidsskriftet New England Journal of Medicine. Pasientar som fekk Remdesivir, brukte fire dagar mindre på å bli friske.

I gruppa som fekk medisinen, var det òg færre som døydde. Men delen døde var likevel betydeleg – 7 prosent.

(©NPK)