Sør-Korea stengjer fleire utestader

23 nye tilfelle av koronasmitte er påvist i Sør-Korea. Fleire tusen utestader og karaokebarar blir stengde for å hindre ei ny smittebølgje.
utenriks

Sørkoreanske smittevernstyresmakter opplyste om dei nye smittetilfella laurdag.

Samtidig vedtok styresmaktene å stengje ytterlegare 2.629 utestader og karaokebarar i hovudstaden Seoul. Til saman er over 8.300 slike stader no stengde.

Sør-Korea har fått mykje internasjonal merksemd for innsatsen sin mot koronapandemien. Tidlegare i år klarte styresmaktene tilsynelatande å stanse koronautbrotet i landet.

No har det likevel vorte nødvendig å stramme inn smitteverntiltaka att, berre nokre dagar etter at Sør-Korea byrja å opne skular att.

(©NPK)