Første koronadødsfall stadfest i Gaza

Styresmaktene i Gaza melde laurdag om det første stadfeste dødsfallet forårsaka av covid-19 i det palestinske området.
utenriks

Dei siste dagane har det vore ein markert auke i talet på registrerte sjukdomstilfelle der.

– Fadila Muhammad Abu Raida (77) frå Khan Yunis, døydde i isolasjon på sjukehus i Rafah på grunn av koronaviruset, heiter det i ei melding frå palestinske helsestyresmakter.

Dei første koronatilfella på Gazastripa vart melde i slutten av mars. Dei smitta vart då isolerte, også på sjukehuset i Rafah.

(©NPK)