67 nye koronadødsfall i Sverige

Det siste døgnet er det registrert 67 koronarelaterte dødsfall i Sverige.
utenriks

Det opplyste Folkhälsomyndigheten laurdag. Til saman er det så langt registrert 3.992 dødsfall i Sverige.

Talet med påvist koronasmitte har stige til 33.188. 1.929 personar får eller har fått behandling på intensivavdeling.

Situasjonen i Danmark er annleis. Der vart det laurdag for andre dag på rad ikkje registrert nokon nye koronadødsfall.

(©NPK)