Søreide skuffa over Trump

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) er skuffa over at president Donald Trump trekkjer USA frå Open Skies-avtalen.
utenriks

– Noreg er skuffa over den amerikanske avgjerda om å gå ut av Open Skies-avtalen, seier Søreide.

35 land, blant dei Noreg, har slutta seg til avtalen, som tredde i kraft i 2002.

Avtalen har gitt signaturstatane høve til å gjennomføre rekognoseringsflygingar over territoria til kvarandre, noko som har vorte sett på som viktig for å fremje internasjonal tillit og hindre konflikt.

Trump skuldar Russland for avtalebrot, og utanriksministeren Mike Pompeo opplyste torsdag at USA forlèt avtalen om seks månader.

Felles kunngjering

USAs avgjerd blir møtt med brei kritikk frå europeisk hald.

– Vi beklagar USAs varsla tilbaketrekking frå Open Skies-avtalen, sjølv om vi deler bekymringane om korleis Russland har etterlevd ho, heiter det i ei felles kunngjering frå Frankrike, Tyskland, Belgia, Spania, Finland, Italia, Luxembourg, Nederland, Tsjekkia og Sverige.

– Open Skies-avtalen er eit avgjerande element i rammeverket for å styrkje tilliten som er skapt gjennom dei siste tiåra, med sikte på å auke openheita og sikkerheita for den euroatlantiske sona, heiter det vidare.

Fremjar openheit og tillit

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide meiner avtalen bidreg til å fremme «militær openheit og tillit mellom deltakarane i samarbeidet».

– Avtalen er ikkje minst viktig i dagens situasjon med auka spenningar, og der rustningskontrollmekanismar generelt er under press, seier ho.

– Saman med allierte og dei nordiske naboane våre har Noreg tydeleg understreka overfor USA at vi verdset avtalen. Vi ser avtalen som ein del av vår felles tryggingsarkitektur, og vi meiner han tener både Noregs, Natos og alliertes interesser, held ho fram.

– Noreg deler USAs bekymring for Russlands mangelfulle etterleving av Open Skies-avtalen, og vi har teke opp og vil halde fram med å ta opp den manglande etterlevinga med Russland. Det er likevel vårt syn at dei aktuelle utfordringane knytt til gjennomføring av avtalen kan og bør handterast innanfor rammene og organa til avtalen, seier Søreide.

Russland avviser

USA har lenge trua med å trekke seg frå avtalen, med tilvising til at Russland nektar overflygingar over Moskva og Tsjetsjenia, og dessutan nær Abkhasia og Sør-Ossetia.

Russarane blir òg skulda for å gjere det vanskeleg å flyge over enklaven Kaliningrad mellom Litauen og Polen.

Russiske styresmakter avviser at dei bryt avtalen, skuldar USA for å bruke dette som påskot for å trekke seg frå nedrustingsavtalar og seier at landet framleis vil overhalde avtalen.

– Så lenge avtalen gjeld, vil vi fullt ut overhalde alle rettar og plikter i samsvar med han, seier Russlands viseutanriksminister Aleksandr Grusjko til Ria Novosti.


(©NPK)