Nordmenn kan igjen feriere på Kypros frå 9. juni

Nordmenn er med i den første gruppa turistar som Kypros opnar grensa for. Danskar, finnar, tyskarar og bulgararar er òg blant dei utvalde.
utenriks

Kypriotiske styresmakter la fredag fram ein plan for korleis landet skal kunne ta imot turistar og samtidig hindre koronasmitte.

Turistar frå 19 europeiske land skal sleppe inn i to puljar, 13 av dei frå 9. juni, deretter ytterlegare seks frå 20. juni.

Verken Storbritannia eller Russland er med i nokon av puljane. Det er heller ikkje Sverige.

Turistane må skaffe seg eit helsekort som viser at dei er smittefrie tre dagar før reise. Dette gjeld berre fram til 20. juni for personar som er frå landa som utgjer den første puljen.

(©NPK)