Musikaren Mory Kanté er død

Guineanske Mory Kanté, ein av Vest-Afrikas mest kjende artistar på 1980-talet, er død. Han vart 70 år gammal.
utenriks

Kanté er best kjent for låten «Yéké Yéké», som toppa hitlistene i Europa i 1988.

Fredag døydde han på sjukehus i Guineas hovudstad Conakry av helseproblem knytt til kronisk sjukdom, opplyser sonen hans, Balla Kanté.

– Han lei av kronisk sjukdom og reiste ofte til Frankrike for behandling, men det var ikkje lenger mogleg med koronaviruset, seier han.

Mory Kanté opptredde så seint som i august 2017 på Melafestivalen i Oslo.

(©NPK)