Langt mindre valdskriminalitet i Sør-Afrika under koronautbrotet

Valdskriminaliteten er over halvert i Sør-Afrika sidan landet stengde ned som følgje av koronapandemien.
utenriks

Det viser ei oversikt frå politiet fredag. Men samtidig har smugling av alkohol og sigarettar over grensene auka.

Politiminister Bheki Cele la fredag fram tal som viser at enkelte typar valdskriminalitet har sokke med opptil 83 prosent sidan 27. mars, samanlikna med same periode i fjor.

Innbrot retta mot bustader og selskap har òg gått ned.

– I tilknyting til alvorleg og valdeleg kriminalitet var det eit dramatisk fall, spesielt når det gjeld kontaktlovbrot, ein type kriminalitet som også omfattar vald i heimen, seier han.

Sør-Afrika, som har ein av dei høgaste kriminalitetsratane i verda, har registrert dei fleste koronavirusinfeksjonane i Afrika sør for Sahara, med over 19.000 smittetilfelle og 369 dødsfall.

Restriksjonane har òg gjort det forbode å selje og kjøpe alkohol.

(©NPK)