Flytande russisk atomkraftverk sett i drift

Det første flytande atomkraftverket i verda, Akademik Lomonosov, er no sett i kommersiell drift, opplyser det statlege russiske energiselskapet Rosatom.
utenriks

Atomkraftverket er bygd på ein 144 meter lang plattform og består av to reaktorar.

Kraftverket vart bygd i St. Petersburg og deretter slept oppover norskekysten til Murmansk. I september i fjor var det på plass utanfor Russlands nordlegaste by, Pevek i Aust-Sibir.

– I dag vart det offisielt Russlands ellevte og det nordlegaste atomkraftverket i verda, seier Andrei Petrov, som leiar elektrisitetsdivisjonen i Rosatom.

Miljøvernarar meiner prosjektet er svært risikabelt, sidan ei ulykke kan forårsake svært store skadar i dei sårbare havområda i Arktis.

Russiske styresmakter avviser bekymringane og insisterer på at det flytande atomkraftverket er trygt.

Kraftverket har kapasitet til å forsyne ein by på 100.000 menneske med straum, og dette er langt fleire enn dei rundt 4.000 som bur i Pevek. Det skal likevel òg forsyne offshore-anlegg og gruver.

Prosjektet er eit ledd i planen til russiske styresmakter for å revitalisere regionen, som er avsidesliggjande, men som har enorme naturressursar.

(©NPK)