To døde av koronaviruset i Sør-Afrika

Sør-Afrika har registrert dei to første dødsfalla som følgje av koronaviruset, samtidig som talet på smitta passarar 1.000 tilfelle.
utenriks

– I dag vekkjer vi sørafrikanarane til den triste nyheita om at vi har våre to første dødsfall som følgje av covid-19, melde helsedepartementet fredag morgon.

Dagen før sa helseminister Zweli Mkhize at talet på smitta aukar med over 200 per dag. Sør-Afrika er det verst ramma landet i Afrika, der det blir frykta at viruset kan få katastrofale konsekvensar.

Sør-Afrika innleier fredag ei tre veker lang nedstenging for å bremse viruset. Grensene blir stengde og flygingar blir stansa, og berre viktige tenester som matbutikkar og apotek skal halde fram med å fungere.

(©NPK)