To barn og ein mann funne døde i brennande bil i Sverige

Svensk politi opplyser at dei tre som vart funne døde i ein brennande bil ved Uppsala torsdag, var to barn og ein vaksen mann.
utenriks

Mykje peikar mot at den døde mannen er faren til barna. Mora til barna er underretta om saka, skriv politiet.

Dei døde vart oppdaga torsdag kveld ved ein idrettsplass utanfor Uppsala då politi og brannvesenet rykte ut for å sløkke bilbrannen.

Politiet sa då at dei ikkje visste noko om bakgrunnen, men at det var starta drapsetterforsking.

(©NPK)