Solid børsoppgang i Tokyo

Børsen i Tokyo steig fredag 3,9 prosent, i kjølvatnet av den kraftige oppgangen på Wall Street dagen før. Også Hongkong avslutta dagen i pluss.
utenriks

Medan Nikkei-indeksen gjekk opp 3,9 prosent, hadde den breiare Topix-indeksen stige 4,3 prosent då aksjehandelen vart avslutta i den japanske hovudstaden.

Hang Seng-indeks var opp 0,6 prosent då børsen i Hongkong tok helg.

Også i Shanghai enda hovudindeksen opp 0,3 prosent, medan Shenzhen-børsen fall 0,6 prosent. I Australia fall Sydney-børsen med 5,3 prosent på siste handledag denne veka.

I USA har aksjemarknadene stige kraftig dei siste dagane. Investorane har vorte meir optimistiske etter at det vart semje om ein massiv økonomisk redningspakke for å handtere konsekvensane av tiltaka mot koronapandemien.

(©NPK)