Europeiske børsar opna ned

Børsane i Europa opna 2 prosent ned fredag morgon etter tre dagar med oppgang.
utenriks

London var ned 2,7 prosent, Frankfurt ned 2,4 prosent, og Paris registrerte ein nedgang på 2,2 prosent. I Oslo var nedgangen på 0,7 prosent.

Dei tre tidlegare dagane var det oppgang, mellom anna som følgje av dei store stimuleringspakkene som fleire land har vedteke for å takle dei økonomiske konsekvensane av koronaviruset.

På fleire av børsane i Asia var det solid oppgang gjennom fredagen.

(©NPK)