Terrorsikta på New Zealand snudde – erkjenner skuld

Den sikta etter moskéterroren i Christchurch på New Zealand i fjor erkjenner no straffskuld for 51 drap, 40 drapsforsøk og for terror, opplyser politiet.
utenriks

Australiaren Brenton Tarrant (29) vart arrestert 21 minutt etter den første meldinga om masseskytinga mot to moskear i Christchurch på New Zealand 15. mars i fjor.

Under heile etterforskinga har han nekta straffskuld etter siktinga til politiet, men under eit videooverført rettsmøte frå fengselet i Auckland torsdag erkjende Tarrant overraskande straffskuld etter heile siktinga til politiet.

– Den sikta erkjende straffskuld for 51 drap, 40 drapsforsøk og for å ha utført ei terrorhandling, sa politiinspektør Mike Bush etter rettsmøtet.

(©NPK)