Russland set i verk inngripande tiltak mot koronaviruset

Russland stansar alle internasjonale flygingar til og frå landet. I Moskva stenger restaurantar, barar og andre offentlege stader for å avgrense virussmitte.
utenriks

Så langt har Russland i stor grad unngått å innføre inngripande tiltak. Først onsdag bad Russlands president Vladimir Putin folk om å halde seg heime og varsla at alle bedrifter med unntak av nødvendige, som apotek, daglegvarebutikkar og bankar, ville vere stengde neste veke.

Men etter vekst i talet på stadfesta smitta innfører landet no fleire tiltak.

Regjeringa i Russland har beordra luftfartsstyresmaktene til å stanse alle internasjonale flygingar frå og med fredag for å avgrense smitte av koronaviruset.

Det einaste unntaket frå flystansen er spesielle flygingar for å evakuere russiske statsborgarar frå utlandet.

I Moskva, der dei fleste av smittetilfella er, blir no restaurantar, barar, kjøpesenter, enkelte parkar og andre offentlege stader stengde i ni dagar frå og med laurdag.

Russland har no 840 stadfesta smittetilfelle noko som er ein auke på 182 frå dagen før. To personar er døde.

Ordførar i Moskva, Sergej Sobjanin, seier tiltaka er absolutt nødvendige for å hindre spreiing. Han åtvara tidlegare denne veka om at det kan vere store mørketal i landet.

(©NPK)