Rekordhøg stigning på 115 nye døde siste døgnet i Storbritannia

Storbritannia har for første gong registrert meir enn 100 nye dødsfall blant koronasmitta på eitt døgn.
utenriks

Det gir landet totalt 578 dødsfall blant folk som har vore smitta av koronaviruset.

Også i Storbritannia er hovudstaden særleg ramma, med over 150 kjende dødsfall så langt.

Ifølgje Daily Mail har helsestyresmaktene torsdag registrert 2.100 nye smittetilfelle, noko som strekker talet på smitta i Storbritannia opp mot 12.000.

(©NPK)