Over 1.000 døde etter koronasmitte i USA

Over 1.000 personar er melde døde, smitta med koronavirus, og nesten 70.000 er stadfesta smitta av viruset i USA.
utenriks

Talet over døde etter å ha fått påvist covid-19-viruset i USA passerte natt til torsdag norsk tid 1.000 personar, ifølgje oversikta frå Johns Hopkins University, som overvaker den globale utviklinga.

Dermed ligg USA på tredjeplass over land som har registrert flest smittetilfelle, bak Kina og Italia.

Det faktiske talet som er smitta, er truleg langt høgare enn det som er avdekt gjennom testar.

(©NPK)