Sjukehusdirektør i Wuhan stadfesta død av covid-19

Direktøren ved Wuchang-sjukehuset i byen Wuhan er død etter å ha vorte smitta av covid-19-viruset, stadfestar statskontrollerte kinesiske medium.
utenriks

Kinas statskanal CCTV melder at direktør Liu Zhiming døydde tysdag morgon etter at alle forsøk på å redde han mislykkast.

Minst seks andre helsearbeidarar har døydd av det nye koronaviruset, medan 1.716 har vorte smitta, ifølgje offisielle tal.

Allereie måndag melde den kinesiske avisa Folkets dagblad at sjukehusdirektøren var død. Det skjedde via ei Twitter-melding, men dette vart fjerna kort tid etter. Eit halvt døgn seinare kom den offisielle stadfestinga.

Også då legen som først melde frå om covid-19-viruset, Li Wenliang, døydde, vart dei første meldingane fjerna frå internett og dødsfallet tilbakevist frå offisielt hald. Seinare vart det likevel stadfesta. Over 72.000 kinesarar er til no smitta av covid-19-viruset, og nærare 1.900 personar er døde.

(©NPK)