Milliardbeløp til gjenoppbygging i Albania

EU og internasjonale givarar lovar 1,15 milliardar euro til gjenoppbygging etter jordskjelvet i Albania i november.
utenriks

Dermed fekk givarkonferanse for landet måndag inn meir pengar enn målet som var sett.

– Gode nyheiter, seier EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen i ei Twitter-melding.

Konferansen «Saman for Albania» var organisert av EU, og unionen og medlemslanda lova totalt å skaffe 400 millionar euro. I tillegg deltok land vest på Balkan og internasjonale organisasjonar og finansinstitusjonar, blant dei FN og Verdsbanken.

51 personar mista livet då skjelvet ramma kysten ved Adriaterhavet den 26. november. Hundrevis vart skadde.

Albania, som er eitt av Europas fattigaste land, har vore medlem av Nato sidan 2009, men i fjor vart landet hindra i å innleie samtalar om medlemskap i EU. Årsaka var usemje blant EU-landa.

(©NPK)