USA seier det er semje om våpenkvile i Afghanistan

Ein amerikansk tenestemann seier det er oppnådd semje med Taliban om ei sju dagar lang våpenkvile i Afghanistan.
utenriks

Tenestemannen seier at våpenkvila skal dekke heile Afghanistan, og at ho etter ti dagar skal følgjast av fredssamtalar i landet.

Han uttalte seg på vilkår av at han blir verande anonym sidan han ikkje er autorisert til å uttale seg før den offisielle kunngjeringa.

Nyheita kjem etter at USAs utanriksminister Mike Pompeo og forsvarsminister Mark Esper møtte Afghanistans president Ashraf Ghani under tryggingsmøtet i München tidlegare fredag.

Ei våpenkvile kan opne for forhandlingar som kan føre til at betydelege delar av dei amerikanske styrkane kan trekkast ut av landet.

(©NPK)