Stoltenberg i møte med Afghanistans president

Nato-sjef Jens Stoltenberg møter fredag Afghanistans president Ashraf Ghani under tryggingskonferansen i München.
utenriks

– Vi vil diskutere innsatsen for å finne ei fredeleg løysing på konflikten i Afghanistan, sa Stoltenberg på veg inn til konferansen. Nato har for tida rundt 16.000 soldatar i det borgarkrigsherja landet.

– Vi er klar til å justere det styrkenivået viss Taliban er i stand til å vise ei reell evne og vilje til å dempe valden, og vi ser ein veg mot fred, la han til.

Samtalane som går føre seg mellom USA og Taliban, var òg tema på Natos forsvarsministermøte rett før konferansen i München.

Der sa USAs utanriksminister Mark Esper at det var semje om eit forslag til ein avtale om å redusere valdsbruken i ei veke. Håpet er at det kan vere eit steg på vegen mot fredssamtalar mellom partane i landet. Stoltenberg trekte fram Noreg og Tyskland som land som har sagt seg villige til å legge til rette for slike samtalar.

– Det vi har sagt, er at viss det er behov for det, så stiller vi oss til rådvelde. Vi har jo ei viss erfaring med denne typen bistand, presiserte forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) seinare og viste til tidlegare fredsprosessar der Noreg har vore involvert.

Stoltenberg skal òg møte den kinesiske utanriksministeren Wang Yi og Russlands utanriksminister Sergej Lavrov medan han er i München.

(©NPK)