Solberg: – Folk søker framleis mot Vesten

Erna Solberg er ikkje like pessimistisk på Vestens vegner som rapporten som nyleg lanserte konseptet «vestløshet». Folk vil framleis til Vesten, seier ho.
utenriks

Statsministeren deltok torsdag i ein debatt om «vestløshet» i Vesten. Omgrepet viser til at samhaldet og ideen om kva Vesten er, har byrja å forvitre.

Oxford-professor Timothy Garton Ash leidde debatten som er ein del av tryggingskonferansen i München. Han spurde kvifor Vesten som konsept har vorte gradvis svekt dei siste tiåra, men statsministeren gjekk i rette med sjølve premissen for spørsmålet.

– Eg er ikkje så pessimistisk. Sjå på kva folk gjer. Kvar flyttar dei? Kva samfunn vil dei bu i? Migrasjonsbølgjene går mot Vesten, sa ho.

– Vi ser at autokratiske samfunn får meir makt, men folk søker framleis mot samfunn med vestlege verdiar. Så spørsmålet må bli korleis vi kan hegne om dei verdiane og sørge for at dei er inkluderande, forklarte Solberg.

(©NPK)