Lukasjenko: Russland lokkar med billig olje

President Aleksandr Lukasjenko skuldar Russland for å bruke billig olje for å presse Kviterussland til å bli del av Russland.
utenriks

Under eit besøk i ein papirfabrikk sør i Kviterussland fredag sa Lukasjenko at Russlands president Vladimir Putin hadde insistert på ei samanslutning av dei to landa under eit møte mellom dei førre veke.

– Dei forstår integrasjon som å svelgje Kviterussland. Det er ikkje integrering, men inkorporering, og det vil eg aldri godta, sa Kviterusslands autoritære president, som la til at Putin tilbaud billig olje i byte mot samanslåing.

Spenninga har vore høg mellom dei to landa i fleire månader. Då samtalar om nærare samarbeid stranda, stansa Russland leveransane av olje. Førre veke møttest dei to presidentane for å løyse knuten, men vart ikkje samde.

Mange mistenker Putin for å sikte mot ei samanslutning av dei to landa som ein måte å behalde makta på når presidentperioden hans er over i 2024. Han kunne då bli statsoverhovud for den nye staten.

(©NPK)