Flyselskap kan tape opptil 5 milliardar dollar i første kvartal på grunn av covid-19-viruset

Innstilte fly til og frå Kina fører til høge inntektstap for flyselskap. Dei kan tape opptil 46 milliardar kroner i første kvartal på grunn av covid-19.
utenriks

Ifølgje FN-organet International Civil Aviation Body (ICAO) kan flyselskapa i verda tape 4–5 milliardar dollar i inntekter i første kvartal på grunn av innstilte flygingar som følgje av covid-19-viruset. Det svarer til opptil 46 milliardar kroner.

Rundt 70 aktørar har stoppa alle flygingar til og frå Kina, medan 50 andre aktørar har redusert talet på flygingar.

I tillegg vil mindre turisme frå Kina føre til inntektstap på 1,3 milliardar dollar i Japan og 1,1 milliardar dollar i Thailand.

(©NPK)