Første tilfelle av koronavirus i Afrika

Det første tilfellet av det nye koronaviruset er oppdaga i Afrika då ein person som kom Kairo, testa positivt for viruset.
utenriks

Mannen er utanlandsk statsborgar, og etter fleire testar vart det fastslått at han er smitta av viruset, sjølv om han ikkje hadde symptom på sjukdom, seier talsmann Khaled Megahed i Egypts helsedepartement.

Tilstanden for personen er stabil, og han er sett i karantene. Det er ikkje opplyst kva for land personen kjem frå.

(©NPK)