Barr får støtte i Twitter-kritikk av Trump

USAs justisminister William Barr seier president Donald Trumps tvitring gjer det umogleg å utføre jobben som minister. No får Barr støtte i Senatet.
utenriks

– Eg meiner det er på tide å slutte å tvitre om sakene til justisdepartementet, sa Barr i eit intervju med TV-kanalen ABC News torsdag.

Fredag morgon hadde Trump enno ikkje tvitra om kritikken frå Barr.

I intervjuet sa Barr at Trumps hyppige og kontroversielle tvitring hindrar han i å utføre jobben som justisminister. Fråsegna kjem samtidig som presidenten er skulda for å ha blanda seg inn i rettssaka mot den tidlegare rådgivaren sin Roger Stone.

Leiaren til Republikanarane i Senatet, Trumps nære allierte Mitch McConnell, stiller seg bak kritikken frå Barr.

– Viss justisministeren seier at tvitringa kjem i vegen for jobben hans, bør presidenten ta dette til seg, sa McConnell til Fox News.

Talskvinne for Det kvite hus, Stephanie Grisham, hevdar at presidenten ikkje tar seg nær av kritikken frå Barr.

Står kvarandre nær

Tidlegare denne veka fekk Barr og justisdepartementet massiv kritikk etter å ha overkøyrt aktor i straffesaka mot den tidlegare Trump-rådgivaren Roger Stone.

Barr og Trump er kjende for å ha eit nært forhold til kvarandre.

Det vart straks spekulert på om dei oppsiktsvekkjande utsegnene frå Barr var eit forsøk på å kontrollere opinionen, og ikkje først og fremst meint som kritikk av Trumps påståtte innblanding i saka mot Roger Stone.

Trekte seg

Tysdag trekte alle medlemmer av aktoratet i Stone-saka seg etter at justisdepartementet uttala seg om at påstanden til aktoratet om opptil ni års fengsel var for strengt. Departementet tilrådde statsadvokatane å endre påstanden sin.

Justisministeren avviser at Trumps utsegner påverka avgjerda til departementet om å be om redusert straff for Roger Stone.

Trump uttrykte mellom anna at han syntest den opphavlege påstanden til aktoratet om sju til ni års fengsel for Stone var urettferdig.

(©NPK)