15 barn mista livet i brann i Haiti

15 barn mista livet då ein barneheim utanfor Haitis hovudstad Port-au-Prince vart herja av brann torsdag kveld.
utenriks

Bygningen, som ikkje var godkjent som barneheim, var bustad for rundt 66 barn, ifølgje den lokale etterforskingsdommaren Raymonde Jean Antoine. Barneheimen var driven av ein organisasjon frå USA.

To barn døydde i brannen, medan resten av dei 13 døydde på sjukehus som følgje av røykskadar.

Det to etasjar høge bygget i forstaden Kenscoff, litt sør for Port-au-Prince, var i elendig tilstand. Køyesenger var stappa inn i små rom, og det var berre ei utgangsdør som kunne brukast.

(©NPK)