Riksrettssaka mot Trump er i gang

Riksrettssaka mot USAs president Donald Trump er formelt i gang, etter at tiltalen vart lesen opp i Senatet.
utenriks

– Donald J. Trump har misbrukt myndigheita til presidentembetet, sa hovudaktor Adam Schiff i Senatet torsdag.

Seinare på dagen vil dei hundre senatorane bli tatt i eid av høgsterettsjustitiarius John Roberts. Det er senatorane som utgjer juryen i riksrettssaker.

Etter at dei formelle stega er tatt, er det venta at sjølve rettsforhandlingane for alvor vil byrje tysdag neste veke.

Trump blir skulda for å ha prøvd å presse styresmaktene i Ukraina til å starte ei etterforsking som kunne gi han politiske fordeler fram mot presidentvalet i USA til hausten.

Riksrettstiltalen vart i desember vedtatt i Representanthuset, der Demokratane har fleirtal. Det er venta at Trump vil bli frikjent i Senatet, der partiet hans Republikanarane har fleirtal.

Hovudaktor Adam Schiff er demokrat og leiar for etterretningskomiteen i Representanthuset. Donald Trump er den tredje presidenten i USAs historie som blir stilt for riksrett.


(©NPK)