Attenborough åtvarar om klimakrise

– Krisa er her no, åtvarar den kjente TV-programleiaren David Attenborough i eit intervju om klimaendringane.
utenriks

I intervjua med BBC peikar han på korleis tiltak mot klimaendringane har vorte utsett gong etter gong.

– Vi kan ikkje halde fram med å seie «men det er håp» og vente til neste år, understrekar han.

Til liks med mange forskarar knyter Attenborough dei kraftige brannane i Australia til den globale oppvarminga.

– I denne augneblinken brenn den søraustlege delen av Australia. Kvifor? Fordi temperaturane på jorda stig.

Attenborough legg til at det «heilt klart er nonsens» å påstå at brannane ikkje har noko med dei stigande temperaturane å gjere.

(©NPK)