Rakettangrep nær militærbase i Irak

Minst éin rakett har slått ned nær ein irakisk militærbase der det er utstasjonert amerikanske soldatar, opplyser det irakiske militæret.
utenriks

Angrepet skjedde tysdag kveld ved Tadij-basen utanfor Bagdad. Den irakiske regjeringa fortel på Twitter at det dreier seg om ein katusja-rakett, og at ingen personar kom til skade.

Det er ikkje kjent kven som står bak angrepet.

(©NPK)