EU-forslag om minstelønn møter intern motstand

EU-kommisjonen vil ha minstelønn som ein del av ein pakke om sosiale rettar. Dei nordiske medlemslanda fryktar dette kan undergrave den nordiske modellen.
utenriks

Ursula von der Leyen og den ferske kommisjonen hennar er ikkje ute etter å fastsetje eit konkret lønnsnivå som skal gjelde på tvers av unionen. Som ein del av pakken, vil dei jobbe for eit felles rammeverk for korleis minstelønna skal fastsetjast.

– Som eit første steig startar vi innsamlinga av synspunkt om korleis EU eventuelt bør gå fram for å sikre at alle arbeidarar er sikra ei tilstrekkeleg minstelønn, skriv kommisjonen på nettsidene sine tysdag ettermiddag

Arbeidslivskommissær Nicolas Schmit seier i ei pressemelding at arbeidslivet til millionar av europearar vil endre seg i åra som kjem.

– Eit innovativt og inkluderande arbeidsmarknad må handle om menneske – å sikre dei gode jobbar som betaler nok. Ingen medlemsland, regionar eller personar skal bli hengande etter. Vi skal halde fram med å streve etter ein arbeidsmarknad som lèt alle europearar leve med verdigheit og ambisjonar, seier Schmit.

Krev unntak

Det er venta motstand, særleg frå dei seks av EUs 28 medlemsland som i dag ikkje har noka offisiell minstelønn.

Tre av desse landa er dei nordiske naboane våre Sverige, Danmark og Finland. Til liks med Noreg har dei eit godt etablert system der partane i arbeidslivet fastset lønnsnivået. Dei nordiske EU-landa fryktar at ei fellesordning kan undergrave denne modellen.

– I Danmark er det berre fagforeiningane og organisasjonane i næringslivet som forhandlar om lønn. Slik har det vore i over 100 år, seier Danmarks arbeidsminister Peter Hummelgaard til The Guardian. Han fryktar til liks med dei nordiske kollegaene sine at ei minstelønn basert på ein EU-modell vil undergrave dagens system. Han krev derfor ein skriftleg garanti for unntak frå eit framtidig direktiv.

Hummelgaard understrekar samtidig at han støttar auka lønningar for dei som har dårlegast betalt i Europa.

– Alle mogleg forslag skal ta omsyn til nasjonale tradisjonar, inkludert kollektivavtalar, forsikrar kommisjonen i pressemeldinga.

– Nokre land har allereie fortreffelege system på plass. Kommisjonen ønsker å sikre at alle system er tilstrekkelege, har dekning (...) og har ein passande mekanisme for oppdatering, står det vidare.

Ap skeptisk

Også i Noreg er det skepsis til at EU skal lage reglar for minstelønn.

– Vi har ein høg standard på lønns- og arbeidsvilkår i Noreg. Om EUs minstelønnsnivå fjernar makt og styresmakt frå det norske tillitsbaserte trepartssamarbeidet, er vi i Arbeidarpartiet imot, seier partiets arbeidslivspolitiske talsmann Arild Grande til NTB. Han seier Ap ikkje vil akseptere noko som «svekker sentrale pilarar i den norske modellen».

EUobserver påpeikar at EU ikkje har myndigheit til å regulere lønningar, streikeretten eller organisasjonsretten. Desse områda er unnateke frå EU-traktaten som bestemmer kva område unionen kan bestemme over.

(©NPK)