Benedikt XVI vil trekke seg som medforfattar for bok om sølibat

Tidlegare pave Benedikte XVI har uttrykt eit ønske om å få namnet sitt fjerna som medforfattar av ei nyleg utgitt bok som taler for sølibat for prestar.
utenriks

Benedikt XVI skal ifølgje den personlege sekretæren sin aldri ha sagt ja til å opptre som medforfattar av boka. Han skal derimot ha hatt kjennskap til at kardinal Robert Sarah skreiv ei bok om temaet.

I helga vart det kjent at Benedikt hadde bidratt til boka med eit teologisk forsvar for sølibatet. Det vekte oppsikt, sidan noverande pave Frans no vurderer å tillate ekteskap for prestar i spesielle tilfelle.

Benedikts sekretær, erkebiskop Georg Gaenswein, opplyser at Benedikt berre skal ha sendt kardinalen eit essay om temaet, med beskjed om at han kunne gjere kva han ville med det. Han skal aldri ha godkjent noko medforfattarskap, og han skal heller aldri ha sett eller godkjent omslaget av boka.

Gaenswein beskriv det heile som ei misforståing og meiner Sarah har handla i god tru.

Kardinal Robert Sarah har no tvitra at han vil fjerne Benedikt som medforfattar og at boka frå no vil bli presentert med han sjølv som forfattar og Benedikt som bidragsytar.

(©NPK)