Trump meiner riksrettsrapporten er ein vits

USAs president Donald Trump langar ut mot Kongressens riksrettsrapport og kallar han «ein vits».
utenriks

– Det dei gjer er ein veldig dårleg ting for landet vårt. Det er ein vits, sa Trump då han onsdag vart spurd om rapporten som etterretningskomiteen i Representanthuset la fram dagen før.

Trump meiner òg det er ei «skam» at justiskomiteen i Representanthuset har byrja med høyringar medan han har vore i London i samband med NATO-toppmøtet.

Demokratane er i fleirtal i Representanthuset, og etterretningskomiteen konkluderte med at det finst mange bevis for at Trump misbrukte presidentembetet då han i sommar bad Ukrainas president etterforske demokraten Joe Biden og sonen hans Hunter.

(©NPK)