Nye tal: CO2-utsleppa veks saktare

CO2-utsleppet i verda held fram med å auke, men ikkje like fort som i fjor, ifølgje nye utrekningar.
utenriks

Dei globale CO2-utsleppa frå fossil energi ligg an til å bli på nesten 37 milliardar tonn, viser utrekningane frå forskingssamarbeidet Global Carbon Project.

I forhold til i fjor vil dette vere ein auke på 0,6 prosent. Til samanlikning var veksten i 2018 på 2,1 prosent.

Tala vart presenterte onsdag, samtidig som FNs klimakonferanse COP 25 går føre seg i Madrid. Sjølv om utsleppsauken ser ut til å gå langsamare, er dei samla globale CO2-utsleppa dei største nokosinne.

– Det er vanskeleg å vere optimistisk på grunnlag av dette, seier professor Rob Jackson til nyheitsbyrået AP.

– På veg mot katastrofe

Amerikanske forskarar åtvara om global oppvarming allereie for 40 år sidan, påpeikar Jackson. Han er tilsett ved Stanford University og har deltatt i arbeidet med dei nye utrekningane.

– Sidan då er CO2-utsleppa dobla, og verda er på veg mot katastrofale klimaendringar.

At utsleppsveksten i år truleg dabbar av, kjem av fleire forhold. Bruken av kolkraft fell i USA og Europa, og i Kina er den økonomiske veksten lågare enn før.

Kolkrafta blir i mange tilfelle erstatta av naturgass, som også medfører CO2-utslepp, men ikkje like store. Lågare økonomisk vekst vil i dei fleste tilfelle føre til mindre bruk av energi og lågare utsleppsvekst.

Kuttar kol

I Kina ligg det an til at klimautsleppa i år stig 2,6 prosent, medan utsleppa i India truleg stig med 1,8 prosent.

Kina er den desiderte største utsleppsnasjonen i verda og står åleine for nesten 30 prosent av dei globale klimautsleppa.

Samtidig fell utsleppa i USA truleg med 1,7 prosent – sjølv om Trump-regjeringa har skrota ei lang rekke miljøreguleringar. Mykje amerikansk kolkraft blir erstatta med billeg naturgass, og i mindre grad med fornybar energi.

Også i EU ligg det an til eit utsleppsfall på 1,7 prosent. Her stuper bruken av kol, og nedgangen ser ut til å bli på over 20 prosent frå 2018 til 2019.

Hamnar i havet

– Dette er ikkje fryktelege nyheiter, men dårlege nyheiter, seier klimaforskar Natalie Mahowald ved Cornell University om dei nye globale utsleppstala.

Utsleppsveksten i år ser ut til å bli lågare enn både i 2018 og 2017. Før dette låg dei globale utsleppa omtrent stabilt ein kort periode.

Mahowald minner om at utviklinga bort frå kolkraft og over til fornybar energi må gå mykje raskare viss dei internasjonale klimamåla skal bli nådd.

Mykje av dei menneskeskapte CO2-utsleppa endar opp i havet, noko som gjer havvatnet surare og truar mange artar som lever der. Samtidig bremsar denne effekten oppvarminga av kloden.

– Det er 50–60 gonger meir karbon i havet enn i atmosfæren. Men det er likevel ikkje fullt, havet held fram med å ta opp karbon sjølv om utsleppa stadig aukar, seier seniorforskar Siv Kari Lauvset ved Bjerknessenteret i Bergen. Ho har deltatt i arbeidet med dei nye utsleppstala.

CO2-utslepp frå skogbrannar og andre såkalla arealbruksendringar ser ut til å auke med 800 millionar tonn i år. Blant årsakene er dei store brannane i Amazonas og regnskogen i Indonesia.

(©NPK)