Europeiske ekspertar: November var rekordvarm

Førre månad vart den globale varmerekorden for november tangert, ifølgje europeiske ekspertar.
utenriks

Gjennomsnittstemperaturen var like høg som i tilsvarande månad i 2015 og 2016, opplyser EUs Copernicus-program.

Dermed ser det ut til at førre månad var den sjette på rad der globale temperaturrekordar anten har vorte brotne eller tangert.

I perioden frå september til november låg snittemperaturen 1,1 grader over det historiske gjennomsnittet. Ifølgje Verdsmeteorologiorganisasjonen (WMO) vil 2019 truleg bli eitt av dei tre varmaste åra som nokon gong er registrert.

Dei nye temperaturmålingane vart offentleggjort onsdag, samtidig som FNs klimakonferanse COP 25 går føre seg i den spanske hovudstaden Madrid.

(©NPK)