Saudi-Arabias konge inviterer Qatars emir til toppmøte

Saudi-Arabias kong Salman har invitert Qatars emir til toppmøte neste veke, melder medium i Qatar. Det er ikkje klart om emiren vil takke ja.
utenriks

Toppmøtet i Golfrådet (GCC) finn stad i Riyadh 10. desember. Invitasjonen kjem samtidig som det er teikn til at konflikten mellom dei to landa er i ferd med å trappe ned.

GCC har seks medlemsland. Fire av dei, Egypt, Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata og Saudi-Arabia, har sidan 2017 deltatt i ein økonomisk boikott av Qatar.

Boikotten er truleg eit forsøk på å tvinge Qatar til å endre utanrikspolitisk linje og få landet til mellom anna å bryte all kontakt med Iran. Dei andre landa har skulda Qatar for å støtte «radikale islamistar», noko Qatar avviser på det sterkaste.

Boikotten inneber at dei andre landa har stengt luftromma sine for flygingar frå Qatar, samtidig som personar frå Qatar har vorte nekta innreise.

Tre av dei boikottande landa deltar for tida i ei fotballturnering i Qatar etter å ha meldt seg på i siste liten. Torsdag skal både Saudi-Arabia og Qatar spele semifinalar.

Emiren av Qatar har sjølv ikkje deltatt på toppmøte i Golfrådet etter at blokaden vart innført. I staden har landa sendt høgtståande tenestemenn.

(©NPK)