Riksrettsrapport: Overveldande bevis for at Trump har misbrukt embetet

President Donald Trump sette sine eigne politiske interesser over interessene til nasjonen, konkluderer rapporten etter riksrettshøyringane.
utenriks

Etterretningskomiteen i Representanthuset la tysdag fram rapporten sin etter høyringane for eit par veker sidan.

Rapporten konkluderer med at det finst overveldande bevis for at Trump misbrukte embetet sitt i Ukraina-saka.

«Riksrettsgranskinga har funne at president Trump personleg og gjennom agentar innanfor og utanfor amerikanske styresmakter, kravde innblanding av ei utanlandsk regjering, Ukraina, for å gagne sitt attval», står det å lese i rapporten.

Der blir det konkludert òg med at Trump prøvde å hindre Kongressen i å gjennomføre granskinga.