Kamala Harris trekker seg frå nominasjonskamp

Kamala Harris seier ho gir opp kampen om å bli Demokratanes presidentkandidat.
utenriks

Harris kunngjorde avgjerda tysdag etter å ha slite på meiningsmålingane i ei tid. Ho har òg strevd med å få samla inn nok pengar til valkampen sin.

– Eg har hatt vareoppteljing og vurdert dette frå alle vinklar. Og dei siste dagane har eg komme fram til den vanskelegaste avgjerda i livet mitt, skriv den 55 år gamle California-senatoren i ein e-post til tilhengarane sine.

– Valkampen min har rett og slett ikkje hatt dei økonomiske ressursane som vi treng for å kunne halde fram, skriv ho vidare.

Harris har vore den einaste afroamerikanske kvinna som har vore med i Demokratanes nominasjonskamp. Etter å ha lansert kandidaturet sitt i januar, låg ho lenge i tetsjiktet på meiningsmålingane. Men dei siste månadene har oppslutninga gått ned.

Joe Biden, ein av Harris' fremste rivalar i nominasjonskampen, kommenterte nyheita med å omtale henne som ein person med «eit førsteklasses intellekt, ein førsteklasses kandidat og ein svært solid person».

55-åringen frå California vart vald inn i Senatet i valet i 2016. Før det var ho riksadvokaten i delstaten i seks år.

(©NPK)