Trump tar æra for auka forsvarsbudsjett i Nato

USAs president Donald Trump er stornøgd med dei siste tala som er lagt fram før Natos toppmøte i London.
utenriks

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg la for få dagar sidan fram tal som viser at dei allierte innan utgangen av neste år ligg an til å ha auka forsvarsbudsjetta med 130 milliardar dollar sidan 2016.

Innan utgangen av 2024 vil talet vere 400 milliardar, ifølgje Stoltenberg.

Trump, som måndag drog frå Washington med kurs for Nato-toppmøtet i London, tar æra for dette.

– I dei 3 tiåra før eg vart vald, sokk Natos pengebruk med to tredelar og berre 3 andre NATO-medlemmer møtte dei finansielle forpliktingane sine. Sidan eg vart president, har talet på Nato-allierte som oppfyller forpliktingane sine, meir enn dobla seg, og Natos pengebruk har auka med 130 milliardar dollar, skriv han på Twitter.

(©NPK)