Trump rasar mot Demokratane i det han set kurs mot Nato-toppmøtet

President Donald Trump misliker sterkt at Demokratane held fram riksrettsgranskinga mot han medan han er bortreist for å delta på Nato-toppmøtet i London.
utenriks

– Det dei gjer med landet vårt, er fullstendig skammeleg, sa Trump då han måndag gjorde seg klar til å fly til London.

Han påpeikar at Nato-toppmøtet har vore planlagt i lang tid.

Justiskomiteen i Representanthuset er venta å starte den andre fasen i riksrettshøyringane onsdag. Omtrent samtidig rundar Trump av besøket i London, truleg med ein pressekonferanse.

Ifølgje Trump kjem han ikkje til å sende advokatar til riksrettshøyringane, som han meiner er eit «narrespel».

Tidlegare er det etterretningskomiteen som har spurt ut politikarar og embetsfolk om i kva grad Trump misbrukte si makt då han i ein telefonsamtale med Ukrainas president bad Ukraina etterforske den politiske rivalen hans Joe Biden og Bidens son Hunter.

Høyringane i justiskomiteen vil i stor grad dreie seg om det juridiske grunnlaget for ei eventuell riksrettssak mot Trump, medan etterretningskomiteen har konsentrert seg om å samle inn fakta om saka.

Eit sentralt spørsmål har vore om Trump har halde tilbake militær bistand til Ukraina for å presse landet til å etterforske far og son Biden.

(©NPK)