Storbritannia unngjekk resesjon

Storbritannia unngjekk resesjon i tredje kvartal i år, takka vere ein BNP-vekst på 0,3 prosent. Det førre kvartalet fall økonomien 0,2 prosent.
utenriks

Den økonomiske aktiviteten var i stor grad drive av byggjebransjen og tenestesektoren. Utviklinga i fabrikksektoren var flat for tremånadersperioden frå juli til september, viste eit førebels overslag frå det britiske statistikkbyrået (ONS) måndag.

Definisjonen på resesjon er at eit land må ha hatt negativ økonomisk vekst i to kvartal på rad.

– BNP voks jamt i tredje kvartal, i hovudsak takka vere ein sterk juli månad, seier ein talsmann for ONS.

Finansminister Sajid Javid helsar velkommen det han kallar ein «solid vekst» og skriv på Twitter at tala som vart lagde fram måndag, «er endå eit velkomme teikn på at berebjelken i den britiske økonomien er sterk».

Veksten i tredje kvartal er likevel lågare enn forventningane i marknaden og prognosane frå sentralbanken, der begge hadde ymta om ein vekst på 0,4 prosent.

ONS peikar på teikn til saktegang idet Storbritannia nærmar seg 31. januar, datoen då landet skal ut av EU.

På årsbasis voks BNP-en i Storbritannia med 1 prosent frå tredje kvartal i fjor til tredje kvartal i år. Det er den lågaste veksten sidan 2010.

(©NPK)